Talet på smitta aukar i Vålerenga ishockey – uvisse rundt restart av eliteserien

Vålerenga ishockey har fått fleire positive virusprøver dei siste dagane. Totalt er no åtte personar stadfesta smitta av korona.
sport

Det stadfestar Vålerengas sportssjef Frikk Juell overfor NTB torsdag.

– I laga og støtteapparatet er det utført 33 testar. Vi har fått 26 svar, og åtte har fått påvist korona, seier Juell.

Som følgje av smittesituasjonen i klubben er heile Vålerengas spelarstall akkurat no anten i isolasjon eller karantene.

Juell understrekar at klubben er i tett dialog med kommuneoverlegen i Oslo og smittesporingsteamet. Torsdag testa Vålerenga heile laget og støtteapparatet på nytt. Svar er venta dei neste dagane.

Full stopp

Ei rekkje klubbar i eliteserien i ishockey har vore ramma av smitteutbrot den siste tida. Måndag opplyste Vålerenga at to personar i klubben var påvist smitta.

No er altså talet på smitta auka til åtte, og framleis står det att å få svar på alle virustestane som er leverte dei siste dagane.

Ved sida av Vålerenga har Sparta, Stjernen, Frisk Asker, Stavanger, Storhamar og Manglerud Star hatt smitteutbrot den siste tida.

Fredag førre veke vedtok Norges Ishockeyforbund at kampaktiviteten i eliteserien skulle stansast for å få kontroll på smittesituasjonen. Full stopp er det òg i eliteserien for kvinner og førstedivisjon for menn.

Ikkje heilt oversikt

Kva tid det igjen blir igangsett kampar er inntil vidare uvisst. Torsdag var det møteverksemd mellom leiinga i hockeyforbundet og klubbane. I forkant av møtet opplyste generalsekretæren i forbundet Ottar Eide til NTB at første moglege dato for restart av eliteserien er 26. januar.

– Det kan fort bli seinare. Vi har ikkje den heilt klare oversikta på kor mange som er smitta. Vi skal ha eit møte med klubbane seinare i dag, så då vil vi få ei betre oversikt, sa han.

Også fleire hockeydommarar har vorte smitta med koronaviruset den siste tida.

Det blir no jobba med å sjå på moglege scenario for å fullføre inneverande sesong. I eit intervju med NTB nyleg sa Eide at hockeyforbundet har som mål å gjennomføre 36 serierundar, der alle lag møtest fire gonger. I tillegg blir sluttspelformatet diskutert.

(©NPK)