Det stadfestar klubben på nettsidene sine torsdag.
Rønningene har fram til no vore trenar for skienklubbens junior elitelag. No tek han steget opp og blir ein del av støtteapparatet rundt a-laget.
Rønningene har signert ein toårskontrakt.
– Han er ein dyktig trenar som er klar for nye utfordringar. Det er flott at vi kan rekruttere frå eigne rekkjer, det viser at det er mogleg å komme seg opp og fram som trenar om ein går Odd-skulen, seier sportssjef Tore Andersen.
Hovudpersonen sjølv gler seg til å ta fatt på den nye rolla si.
– Dette er noko eg verkeleg gler meg mykje til. Heile teamet rundt Odd er fantastisk. Det å kunne jobbe saman med desse gutane, er noko eg ser fram til, seier Rønningene.
Han erstattar Morten Rønningen i jobben.
(©NPK)