Ny Premier League-kamp utsett etter virusutbrot

Laurdagens planlagde Premier League-oppgjer mellom Aston Villa og Everton er utsett som følgje av smitteutbrotet i førstnemnde klubb.
sport

Det stadfesta Premier League torsdag, ifølgje Sky Sports.

Aston Villa har måtte stengje treningsanlegget sitt den siste tida som følgje av at ei rekkje spelarar og personar i støtteapparatet leverte positiv virustest.

Onsdag skulle laget møtt Tottenham til ligakamp, men også den kampen måtte utsetjast. I FA-cupkampen mot Liverpool sist helg måtte Villa sende U23-laget på banen. Det enda med 1-4-tap.

Torsdag vart det samtidig òg klart at Villas kamp mot Newcastle, som vart utsett 4. desember som følgje av smitteutbrot i Newcastle, skal spelast laurdag 23. januar.

(©NPK)