Eckhoff mot ny verdscupsiger i Oberhof

Tiril Eckhoff måtte gå éin strafferunde, men ligg likevel an til å ta den 19. verdscupsigeren sin på skiskyttarsprinten i tyske Oberhof torsdag.
sport

Noreg ligg dermed an til å ta den sjuande strake sigeren sin i verdscupen i individuelle konkurransar.

Eckhoff klinka til med fullt hus i den første serien. På ståande vart det éin strafferunde, men Eckhoff var likevel berre drygt tre sekund bak teten før den siste runden.

I mål toppa Fossum-løparen resultatlista.

Marte Olsbu Røiseland noterte seg for éin bom i liggjandeserien og fekk eit tøft utgangspunkt i kampen for den niande individuelle verdscupsigeren sin. Også på ståande vart det ein bom for frolendingen. Dermed var ho definitivt ute av sigerskampen.

23 år gamle Ida Lien var godt i gang med den liggjande serien sin med fire treff midt i, men bomma på sisteskotet. På ståande vart det òg éin strafferunde.

Karoline Knotten opna med fullt hus, men på ståande vart det éin bom for 26-åringen som låg på 13.-plass i verdscupen før sprinten på torsdag.

Ingrid Landmark Tandrevold leverte fullt hus på første skyting og stod med åttande beste tid, men bomma éin gong på ståande. På sisterunden braut ho rennet.

(©NPK)