Stjernesund og Lysdahl til finalen i parallellslalåm

Thea Louise Stjernesund og Kristin Lysdahl er dei einaste norske kvinnene som er klare for finalen i verdscuprennet i parallellslalåm i Lech torsdag.
sport

Stjernesund vart nummer sju i kvalifiseringa i Austerrike, medan Lysdahl vart nummer ni.

Stjernesund hadde 0,38 sekund opp til kvalifiseringsvinnaren Lara Gut-Behrami frå Sveits. Lysdahl var 0,40 sekund bak Gut-Behrami.

I finalane startar alle på nytt igjen, slik sett betyr ikkje kvalifiseringstidene noko for finalekøyringa.

Kristina Riis-Johannessen var best av alle i den første kvalifiseringsomgangen, men køyrde ut i den andre. Dermed vart det ingen finaleomgang på henne.

Det vart det heller ikkje på Maria Therese Tviberg. Ho enda på 45.-plass med 1,60 sekund opp til beste kvalifiseringstid.

(©NPK)