Northug: – Byrjar å få avstand til det

Petter Northug håpar å kunne stille på startstreken som mosjonist kommande vinter. På Facebook-sida si fortel han om tøffe månader.
sport

– Ein prøver å bli ferdig med det med og komme seg vidare. Det som er godt, er at ting byrjar å bli normalisert, seier Northug i ein video som er lagt ut på Facebook-sida hans.

Northug har sagt lite om sin eigen situasjon etter han i august avslørte råkøyring og misbruk av narkotika og alkohol. Den tidlegare skistjerna er sikta for brot på fartsgrensene og for oppbevaring av narkotika. Ein tilståingsdom i saka er venta før jul.

Dei fleste av Northugs kommersielle samarbeidspartnarar har valt å halde fram samarbeidet med han i etterkant av det som skjedde i sommar. No fortel han om ein meir normalisert arbeidskvardag.

– Det er jo det ein ønskjer. Dei på jobben har hjelpt meg veldig mykje. Dei har vore støttande og stått bak meg.

Northug har tidlegare vore filma i hardtrening med broren Even, og han har håp om å kunne gå fleire skirenn i vinter.

– Det er veldig god medisin å komme seg ut på trening. Turane eg har gått har vore opp mot 6–7 mil, det har eg hatt godt av, å komme meg i ganske bra form igjen. Eg håpar å stille på startstreken som mosjonist, som i fjor, i Marcialonga. Men det er jo ikkje sikkert dei opnar for mosjonistar i år, kanskje berre elite, så kanskje eg må stå på sidelinja. Det er ein spesiell vinter vi har i møte, der ikkje noko er heilt klart, seier Northug.

(©NPK)