Gladnyheit for Liverpool – Solskjærs United får nei til tilskodarar

Ti Premier League-klubbar får igjen sleppe publikummarar inn på tribunen frå neste helg. Liverpool har klarsignal, Manchester United fekk nei.
sport

Den britiske regjeringa har opna for at tilskodarar igjen kan sleppast inn på britiske idrettsarenaer frå 2. desember. Enkelte stader kan så mange som 4000 personar få sjå idrett frå tribunen.

Kor mange som får tilgang til å følgje idrett frå tribuneplass, er avhengig av smittetrykket i det aktuelle området der idrettsarrangementet finn stad. Der smitten er låg kan 4000 fans sleppe inn.

Ingen klubbar i Premier League held til i område der det kan opnast for så mange no, melder Daily Mail og fleire andre britiske medium.

Arsenal, Brighton, Chelsea, Crystal Palace, Everton, Fulham, Liverpool, Southampton, Tottenham og West Ham kan derimot planleggje for 2000 tilskodarar til kampane som ventar frå og med neste helg.

Nivåsystem

Verre ser det ut for resten av dei ti klubbane på øvste nivå i engelsk fotball. Aston Villa, Wolverhampton, Manchester United, Manchester City, Newcastle, Leeds, West Brom, Sheffield United, Leicester og Burnley må heldt fram med å spele bak lukka dører.

Manchester United har tidlegare argumentert for at klubben trygt kan ta imot 23.500 tilskodarar, men det blir ikkje aktuelt i denne omgangen.

Det er laga eit nivåsystem for å klassifisere dei ulike områda i Storbritannia med omsyn til smittetrykk. Det er idrettsarenaer som hamnar inn under nivå éin, som får sleppe inn flest fans.

Dei klubbane som ligg i område som fell inn under definisjonen av nivå to, kan sleppe inn 2000 tilskodarar. På nivå tre blir kampane framleis spelte for tomme tribunar.

Det var helseminister Matt Hancock som torsdag offentleggjorde kva delar av Storbritannia som fell inn under dei ulike nivåa.

Godt nytt

Beskjeden om at tilskodarar igjen kan bli å sjå på tribunane er gode nyheiter for britiske klubbar og forbund som har slite økonomisk som følgje av bortfall av billettinntekter.

Også den delen av den britiske breiddeidretten som konkurrerer utandørs, får klarsignal til å ta opp att aktiviteten når nedstenginga no opphøyrer. Her har det vore stans sidan 5. november.

Allereie i oktober jobba den britiske regjeringa med planar om å sleppe fansen tilbake inn på idrettstribunane, men den gongen vart prosessen sett til sides som følgje av ein solid auke i talet på smittetilfelle.

(©NPK)