Landslagssjef i trøbbel etter å ha vist spelarane kontroversiell video

Irland-trenar Stephen Kenny prøvde førre veke å motivere laget sitt med videoklipp av konfliktar mellom irar og engelskmenn. No kan han få svi for stuntet.
sport

Det var i forkant av Irlands treningskamp mot England, at Kenny viste videoen for rundt 40 personar. Meininga var å auke motivasjonen til laget og «stridsånd».

Men ifølgje Irish Examiner skal fleire av spelarane ha vorte skaka over bodskapen. Fleire av innslaga inneheldt bilete frå konfliktane mellom Irland og England på 1900-talet, mellom dei det såkalla påskeopprøret i 1916.

Irlands fotballforbund (FAI) har no vedteke å opprette disiplinærsak mot sin eigen landslagssjef.

«FAI er klar over problemet knytt til det materialet som vart vist for herrelandslaget i forkant av vennskapskampen mot England på Wembley», skriv forbundet.

Det irske laget tapte 0–3 i London torsdag førre veke.

(©NPK)