Guardiola skreiv ny kontrakt med City

Manager Josep Guardiola har forlengt kontrakten sin med Manchester City til sommaren 2023.
sport

Det opplyser Premier League-klubben på nettstaden sin.

Guardiola kom til City i 2016 og har mellom anna vunne to ligatitlar med klubben.

– «Peps» kontraktsforlenging er det naturlege neste steget i ei reise som har utvikla seg over mange år. Eg er sikker på at alle City-fans deler gleda mi over denne avtalen og dei spennande moglegheitene som finst der ute, seier Citys styreleiar Khaldoon Mubarak.

(©NPK)