Hauge om Helsedirektoratets handtering av landslagsreisa: – Litt barnsleg

Milan-proffen Jens Petter Hauge likar dårleg at dei norske fotballherrane ikkje fekk reise med charterfly til Romania i helga.
sport

21-åringen er blant dei mange norske landslagsspelarane som har returnert til klubbane sine etter eit landslagsopphald der dei ikkje fekk spelt eit einaste minutt.

Israel-kampen onsdag vart avlyst etter råd frå Helsedirektoratet. Det same skjedde med bortekampen mot Romania etter at Omar Elabdellaoui vart koronasmitta og Noregs landslag vart tilrådd ikkje å dra.

– At styresmaktene og regjeringa seier stopp til den kampen som er i Noreg, kan ein forstå sidan det er på norsk jord. At ikkje vi fekk reise med den charteren ut, det er i alle fall eg usamd i, seier Hauge til VG.

Han påpeikar at norske helsestyresmakter frå før hadde godteke Det europeiske fotballforbundets (Uefa) koronaprotokoll.

– Måten det vart handtert på, er eg ikkje så veldig fan av. Det var tydelegvis folk i Helsedirektoratet som berre gav ei melding til oss, skrudde av telefonen og tok helg. For meg blir det litt barnsleg, seier kantspelaren.

(©NPK)