Mourinho fekk straff på vilkår

Tottenham-manager José Mourinho har fått ein reprimande frå Det europeiske fotballforbundet (Uefa). Han får skulda for ein forseinka kampstart i europaligaen.
sport

Uefas disiplinærkomité har gitt Mourinho ei utestenging på éin kamp. Straffa er på vilkår, og det betyr at portugisaren slepp å sone så lenge han oppfører seg under europacupkampar dei neste tolv månadene.

Tottenham-sjefen får irettesettinga for å ha forseinka kampstarten i europaligamøtet med Royal Antwerpen.

London-klubben er i tillegg i lagt ei bot på 25.000 euro for Mourinhos misferd. Det svarer litt til over 270.000 kroner.

Tottenham tapte den nemnde kampen 0–1 etter ei slett framsyning i Belgia.

(©NPK)