Arsenal henta Islands landslagsmålvakt

Islendingen Rúnar Alex Rúnarsson er henta til Arsenal som reserve for førstemålvakta Bernd Leno.
sport

Runarsson kjem til Arsenal frå den franske klubben Dijon, og overgangssummen er på vel elleve millionar norske kroner.

Den 25 år gamle Runarsson erstattar Emiliano Martínez, som sist veke forsvann til Aston Villa.

– Vi ønskjer å skape ein sunn konkurranse blant spelarane våre, sa Arsenal-manager Mikel Arteta etter kjøpet av den islandske landslagsmålvakta.

Runarsson kom til Dijon i 2018 og spelte 13 kampar sist sesong. Før Dijon spelte han i KR Reykjavik og i den danske klubben Nordsjælland.

(©NPK)