Vipers-kamp avlyst – to av spelarane på motstandarlaget virussmitta

Meisterligakampen i handball mellom Vipers og FTC Hungaria laurdag er avlyst. To spelarar i den ungarske klubben testa positivt på covid-19 i Kristiansand.
sport

Den skriv Vipers i ei pressemelding fredag.

– Kampen på laurdag mellom Vipers Kristiansand og FTC Rail Cargo i DELO EHF Champions League er avlyst då to av spelarane til FTC har testa positivt for Covid-19 i ein test som er gjennomført i Kristiansand torsdag ettermiddag, heiter det i meldinga.

Klubben opplyser vidare at assisterande kommuneoverlege Priscilla Hilton i Kristiansand har sett dei to aktuelle spelarane i isolasjon og resten av spelargruppa til FTC i karantene.

(©NPK)