Jakob Ingebrigtsen spring 1500 meter i NM – doblar kanskje med 800

Jakob Ingebrigtsen spring 1500 meter under friidretts-NM i Bergen i helga. Kanskje blir han òg å sjå på 800 meter.
sport

Det opplyser pappa og trenar Gjert Ingebrigtsen til NTB fredag.

Jakob Ingebrigtsen var i utgangspunktet påmeldt i fem NM-distansar. Han stod på listene over aktuelle deltakarar både på 800 meter, 1500 meter, 5000 meter, 10.000 meter og 3000 meter hinder.

No er det klart at han spring 1500 meter, medan det framleis ikkje er teke noka avgjerd rundt 800-meteren.

Finalen på 1500 meter går laurdag kveld klokka 18.45. Tre kvarter deretter er det forsøk på 800 meter. Finalen på sistnemnde distanse går søndag.

Filip droppar NM

På 1500 meter er Jakob Ingebrigtsen direktekvalifisert for finale. Det var ein føresetnad for at han skulle rekke å springe distansen på Fana stadion.

Så seint som torsdag kveld sletta 19-åringen storebror Henriks norske rekord på 3000 meter med nesten ti sekund då han sprang på 7.27,05 under Diamond League-stemnet i Roma.

Tidlegare fredag kunngjorde veslebror Filip Ingebrigtsen på Instagram at han ikkje kjem til start under meisterskapen i Bergen.

«Ingen NM for min del i år. Lykke til alle som ska delta», skreiv han.

Filip var i utgangspunktet påmeldt 800 meter, 1500 meter og 5000 meter under NM på Fana stadion i Bergen.

Ingen Henrik

Tidlegare denne månaden trekte 27-åringen seg frå 1500-meteren under Diamond League-stemnet i Brussel. Då var det ein leggskade som stoppa mellomdistanseprofilen.

Storebror Henrik Ingebrigtsen blir heller ikkje å sjå i Bergen. Han er ikkje påmeld meisterskapen.

(©NPK)