Sveltefôra Sagosen klar for nytt liv i gigantklubb

Sander Sagosen er spelesugen som berre det før Kiel-debuten mot Zagreb torsdag. Han har gått over eit halvår utan skikkeleg kamp.
sport

Sagosen står utan spel i teljande seriar eller turneringar sidan 8. mars. Då slo Paris St. Germain Dunkerque i den franske serien. Ei veke seinare vart handballen stoppa som følgje av viruspandemien.

Sagosen flytta som planlagt frå PSG til Tyskland utpå sommaren.

– Eg gler med veldig til å få spele handball igjen. Det er lenge sidan no, seier Sagosen til NTB.

Det er 194 dagar sidan førre gong det stod noko på spel i ein kamp for han.

– Det blir morosamt å endeleg få spele teljande kampar med Kiel og ta fatt på sesongen, seier Sagosen.

Kampen mot Zagreb er den første i meisterligaen denne sesongen, men midt i han skal Sagosen spele Champions League-sluttspel (fire klubbar deltek) i romjula.

Der kan han komme til å spele for Kiel mot PSG.

Kiel har ikkje vunne mesterligan sidan 2011-12-sesongen. Sagosen er henta til Nord-Tyskland for å endre på det.

Elverum startar òg opp den internasjonale sesongen sin torsdag. Det skjer borte mot Porto i Portugal. Det er ei tøff oppgåve for den norske klubben som er forsterka med franskmannen Luc Abalo.

(©NPK)