Ni engelske ligakampar i helga med publikum

Ni av dei engelske ligakampane i helga vil ha inntil 1000 tilskodarar på tribunane, men ingen av dei er i Premier League. Kampane inngår i eit pilotprosjekt.
sport

Britiske styresmakter gjennomfører testarrangement med tanke på å sleppe publikum inn på idrettsarrangement igjen, for første gong sidan viruspandemien stoppa all idrett i mars.

Ti kampar vart ifølgje BBC blinka ut for helga etter samtalar mellom English Football League og styresmaktene, og målet er å kunne sleppe inn fleire tilskodarar frå 1. oktober. Onsdag trekte Luton seg fordi klubben kom til at dei ikkje hadde fått tilstrekkeleg tid til å førebu publikumsinnrykket før kampen på laurdag mot Derby.

Alle dei ni kampane med tilskodarar blir spelte laurdag. Det blir dei første ligakampane for menn med publikum sidan mars. Allereie førre helg var 734 tilskodarar på plass då West Ham møtte Arsenal i superligaen for kvinner, den første engelske seriekampen for profesjonelle med tilskodarar sidan pandemien ramma.

Oppmuntrande

– Det er oppmuntrande at vi no kan gå vidare til neste fase i pilotprosjektet og gi nokre få av klubbane våre høve til å ønskje inntil 1000 tilskodarar velkomne i helga, sa EFL-styreleiar Rick Parry.

– Helse og tryggleik er framleis første prioritet, men vi har allereie vist at sosial distanse kan gjennomførast på fotballtribunar.

Ein auke i smittetilfelle førte til at styresmaktene nyleg stramma inn pilotprosjektet og sette ei øvre grense på 1000 tilskodarar. Planar om å tillate klubbane å utnytte inntil ein tredel av publikumskapasiteten frå oktober er under kontinuerleg vurdering.

Kampane

Dette er kampane som i helga skal spelast med tilskodarar:

Meisterskapsserien: Middlesbrough – Bournemouth, Norwich – Preston.

1. divisjon: Blackpool – Swindon, Charlton – Doncaster, Hull – Crewe, Shrewsbury – Northampton.

2. divisjon: Carlisle – Southend, Forest Green – Bradford, Morecambe – Cambridge.

(©NPK)