Neymar utestengd i to kampar, hevdar at han vart kalla for apekatt

PSGs brasilianske superstjerne Neymar er utestengd i to kampar med moglegheit for ein tredje etter turbulensen i kampen mot Marseilles sist helg.
sport

Neymar lappa til motstandaren Álvaro González i bakhovudet og skulda han seinare for rasisme. Neymar var ein av fem spelarar som vart vist det raude kortet heilt på tampen av kampen. Resten av dei utviste er òg straffa. Det dreier seg PSGs Layvin Kurzawa, Leandro Paredes, og Marseilles' Jordan Arnavi og Dario Benedetto.

Frankrikes fotballforbund (LFP) seier at dei vil sjå nærare på skuldingane om rasisme.

Neymar bad nyleg om unnskyldning for åtferda si og forklarte den med at han hissa seg opp på grunn av rasistiske kommentarar. På Twitter skreiv Neymar at Gonzales hadde kalla han for ein «forbanna apekatt».

Gonzalez og Marseilles har avvist at det fall rasistiske gloser i det heile.

– Enkelte gonger er ein berre nøydde til å lære seg og akseptere å tape, kontra Gonzalez.

Neymar tapte dei to første kampane i sesongen, men onsdag kveld vart det 1–0 over Mets sjølv om dei måtte avslutte kampen med berre ni spelarar på banen.

Neymar spelte ikkje den første kampen i sesongen fordi han var koronasmitta. Det raude kortet gjorde at han heller ikkje var på banen mot Metz.

(©NPK)