Regjeringa vil frita Norsk Rikstoto frå totalisatoravgift, men innfører tapsgrense

Spelmonopolet til Norsk Rikstoto på hestesport kan bli berga av ei avgiftslette i 100-millionarsklassen. Samtidig blir det innført tapsgrenser frå 1. januar.
sport

NTB veit at det i statsbudsjettet for 2021 blir foreslått å gi Norsk Rikstoto ei avgiftslette tilsvarande totalisatoravgifta på 3,3 prosent av omsetninga. I statsbudsjettet for 2020 var inntekter frå denne avgifta budsjettert til 120 millionar kroner.

Det kan bidra til at den norske travnæringa klarer å stå imot konkurransen mot utanlandske spelselskap. Ifølgje Norsk Rikstoto omfattar hestenæringa 16.000 arbeidsplassar.

Omsetninga vil samtidig falle vesentleg som følgje av at det frå 1. januar neste år blir innført grenser for kor mykje kvar enkelt spelar kan tape. Målet med ei slik grense er å gi vern til såkalla sårbare spelarar.

– Vi tek dette til orientering. Vi er sjølvsagt glade for at statsavgifta blir teken bort. Samtidig ser vi at regjeringa legg nokre avgrensingar på proffspelarane våre, og det må vi analysere litt nærare, seier administrerande direktør Camilla Garmann i Norsk Rikstoto til NTB.

Fryktar spelarflukt

Norsk Rikstoto hadde håpa at regjeringa ville godta ein modell der det vart ein generell tapsgrense, men at 200 såkalla proffspelarar kunne få spele for høgare summar. Fleire travkjennarar ventar at tapsgrensene vil føre til betydeleg spelarflukt til svensk travsport, og at spelomsetnaden i Noreg i verste fall kan bli halvert.

På Stortinget møter forslaget sterk motbør frå mellom anna Framstegspartiet, som fryktar at forslaget om tapsgrenser vil gi alvorlege konsekvensar for heile det norske hestemiljøet.

– Dette vil ikkje ha nemneverdig effekt på kampen mot speleavhengnad, men føre til at pengestraumen frå nokre få profesjonelle høgnivåspelarar blir flytta til Sverige og utlandet i staden for å komme norsk hestesport til gode, seier stortingsrepresentant Himanshu Gulati, kulturpolitisk talsmann i Frp.

Vil finne betre løysingar

Også Senterpartiet meiner regjeringa tvinger inntektene frå profesjonelle spelarar ut av landet. Til NTB opplyser næringspolitisk talsperson Geir Pollestad at dei vil finne løysingar som er betre for hestenæringa.

– Senterpartiet vil ta initiativ på Stortinget for å få med Frp og Ap for å finne ei løysing som sikrar spelinntektene i Noreg samtidig som totalisatoravgifta forsvinn, seier Pollestad.

– Regjeringa gir med den eine handa og tek med den andre i denne saka. Senterpartiet har lenge ønskt å fjerne totalisatoravgifta, men då for å styrkje hestenæringa. Regjeringa gjer dette for å dekkje inntektsbortfall frå storspelarane.

Tre modellar

Etter det NTB kjenner til meiner regjeringa likevel at bortfallet av totalisatoravgifta kan meir enn vege opp for dei økonomiske konsekvensane tapsgrensene får for overføring til Norsk Rikstotos formål (norsk hestehald, hesteavl og hestesport).

– Ut frå prognosane frå juni i år, ventar vi at nedgangen i overføringa til formålet vil vere på mellom 80 og 90 millionar kroner, seier Garmann.

Til fagbladet Trav og Galopp-Nytt seier Garmann at ho ser for seg eit tap på overføringar på 80 til 85 millionar kroner i 2021 òg med pengane frå totalisatoravgifta rekna inn. Det betyr at travsporten går mot særs krevjande tider.

Når det gjeld tapsgrenser, er tre modellar aktuelle for regjeringa:

* Ei tapsgrense på 20.000 kroner per månad, rullerande over ein periode på 90 dagar. Opptil 20.000 kroner i gevinst kan tilleggjast tapsgrensa, rullerande over ein periode på 90 dagar.

* Ei tapsgrense på 20.000 kroner per månad, rullerande over ein periode på 90 dagar. All gevinst kan tilleggjast tapsgrensa, rullerande over ein periode på 90 dagar.

* Ei tapsgrense på 20.000 kroner per månad, rullerande over ein periode på 90 dagar. All gevinst kan tilleggjast tapsgrensa, rullerande over ein periode på 365 dagar.

(©NPK)