Grøvdal trekk seg frå friidretts-NM med skade

Langdistanseløparen Karoline Bjerkeli Grøvdal trekk seg frå helgas NM i friidrett i Bergen med ein skade.
sport

Grøvdal skulle eigentleg sprunge NM for Tjalve, men sportssjef i Oslo-klubben, John Ertzgaard, måtte onsdag trekkje henne frå meisterskapen.

– Ho har hatt ein skadde, og ho er eigentleg bra, men det er ein risiko for henne å springe i piggsko, seier Ertzgaard til NTB.

Grøvdal er gullgrossist i NM-samanheng og har 15 NM-titlar på ulike løpsdistansar.

– Ho tok eit MR-bilete på Olympiatoppen, og i samråd med henne var tilrådinga deira at ho må vente litt. Vi er opptekne av at helse går først og kan ikkje risikere at ho får noko meir trøbbel. Det er òg viktig med tanke på det som skjer neste år, seier Ertzgaard.

Tjalve stiller uansett med ein sterk tropp til meisterskapen. Hedda Hynne, som har senka noregsrekorden på 800 meter to gonger den siste dryge veka, Amalie Iuel og sleggjekastaren Eivind Henriksen stiller.

(©NPK)