Norske friidrettsprofilar til Diamond League-stemne i Stockholm

Stavhoppar Sondre Guttormsen og diskoskastar Ola Stunes Isene er stadfesta som deltakarar under Diamond League-stemnet i Stockholm 23. august.
sport

Dei norske friidrettsprofilane skal utfordre to av Sveriges store stjerner i det tradisjonsrike stemnet på Stockholms Stadion. Det stadfestar arrangøren.

I det som blir ein profiltung stavkonkurranse får Guttormsen selskap av svensken Armand Duplantis, amerikanaren Sam Kendricks, polakken Piotr Lisek og fleire andre sterke namn.

Duplantis er verdsrekordhaldar innandørs, medan Kendricks er regjerande verdsmeister utandørs. Lisek tok bronsemedaljen i VM i fjor.

Daniel Ståhl er det store heimehåpet i diskosringen, og han får altså selskap av mellom anna Stunes Isene.

(©NPK)