Ishockey-VM i Kviterussland kan bli flytta

Uroa og den politiske situasjonen i Kviterussland kan tvinge Det internasjonale ishockeyforbundet (IIHF) til å flytte VM-sluttspelet neste år.
sport

Akkurat no ser forbundet an situasjonen.

– Eg hadde ein samtale med René Fasel (IIHF-presidenten) torsdag kveld der vi kom fram til at vi må følgje utviklinga, seier presidenten i det svenske ishockeyforbundet Anders Larsson.

VM skal neste år arrangerast i eit samarbeid mellom Kviterussland og Latvia frå 21. mai til 6. juni. Sluttspelet skal gå i Minsk.

Noreg skal spele dei innleiande kampane i Riga, og motstandarane blir USA, Canada, Finland, Tyskland, Italia, Kasakhstan og Latvia.

Demonstrasjonar

Etter presidentvalet i Kviterussland søndag, der sitjande president Aleksandr Lukasjenko vart attvald med stort fleirtal, kom det skuldingar om valfusk. Det har ført til store demonstrasjonar.

Rundt 7.000 demonstrantar er arresterte, og nærare 1.000 av dei som vart lauslatne fredag, snakka om tortur og mishandling.

Opposisjonsleiaren Svetlana Titsjanovskaja oppmodar demonstrantane til å halde fram protestane.

Det er berre seks år sidan Kviterussland arrangerte eit VM-sluttspel sist.

Følgjer utviklinga

Dei næraste to vekene skal IIHF følgje utviklinga i Kviterussland, men ifølgje det russiske nyheitsbyrået Tass vil Latvias statsminister Krisjanis Karins alt no trekkje seg frå samarbeidsarrangementet.

– Eg trur hendingane i Kviterussland dramatisk har endra situasjonen. No ser eg ikkje heilt korleis vi som land kan organisere eit VM saman med Kviterussland, seier Karins til TV-kanalen LTV7.

– Vi veit alle kor stort eit VM-arrangement er, og når det er mindre enn eitt år til, vil det vere problematisk for andre å ta over. Eg har god tru på at IIHF kan ta hand om denne situasjonen, seier den svenske ishockeypresidenten.

I år skulle VM ha gått i Sveits, men vart avlyst på grunn av koronapandemien.

(©NPK)