Madrid Masters i tennis avlyst

Storturneringa Madrid Open i tennis er avlyst på grunn av eit nytt oppsving i smittetilfelle i Spania. Turneringa var utsett frå mai til september.
sport

Tysdag vart det klart at turneringa ikkje blir avvikla i år. Det er ei av dei største grusturneringane. Den er open både for kvinner og menn, og for mennene er det ein av Masters 1000-turneringane.

Arrangøren opplyser at det er på tilråding frå styresmaktene at dei vel å avlyse turneringa.

– Som følgje av sterke tilrådingar frå lokale helsestyresmakter, og etter å ha overvaka situasjonen i fleire månader, ser vi ikkje noko anna val enn å avlyse turneringa på grunn av den kompliserte situasjonen covid-19 held fram med å skape på alle vis, heiter det i ei fråsegn.

– På grunn av auke i smittetilfelle har styresmaktene i Madrid gjort fleire nye tiltak for å motverke spreiinga, mellom dei eit forbod mot folkesamlingar på fleire enn ti personar. Dette reduserer utsikta til å kunne gjennomføre turneringa i september.

Tidlegare er det planlagde Davis Cup-sluttspelet i Madrid i november utsett til neste år.

ATP og WTA jobbar vidare med ei revidert terminliste for hausten.

(©NPK)