Lakers toppseeda for første gong på ti år

Med 116-108-sigeren på måndag over Utah Jazz sikra Los Angeles Lakers beste grunnseriestatistikk i NBAs Western Conference for første gong på ti år.
sport

Det betyr at klubben blir toppseeda i sluttspelet.

– Dette er berre ein av mange milepælar på reisa mot målet vårt, sa Anthony Davis etter å ha skåra 42 poeng for Lakers i Orlando, er alle NBA-kampane blir spelte etter gjenstarten.

Lakers la på til 51 sigrar mot 15 tap og kan ikkje lenger innhentast av noko lag i den vestre halvdelen i ligaen. Byrival Clippers er nærast med 45–21.

Førre gong Lakers var best i vest var i 2010, då Kobe Bryant ikkje gav seg før han hadde ført laget heilt til det som vart klubbens 16. og den femte og siste NBA-tittelen hans. Klubblegenda Bryant døydde i ei helikopterulykke i januar i år.

Davis skåra 23 poeng før halvtid. Det var 20. gong i sesongen han har passert 20 i dei to første periodane, ein prestasjon ingen i Lakers har gjort sidan Bryant.

– Vi har vore gjennom mykje denne sesongen. Det betyr mykje å vere nummer 1, men vi er ikkje ferdige, sa Davis.

LeBron James bidrog med 22 poeng og ni målgivande pasningar mot Jazz.

(©NPK)