Viaplay viser Brækhus-McCaskill

Norske TV-sjåarar får med seg Cecilia Brækhus' kommande kamp viss dei skrur på Viaplay natt til 16. august
sport

Den uslåtte norske verdsmeisteren i weltervekt skulle i utgangspunktet møte amerikanske Jessica McCaskill i Maryland 17. april, men koronapandemien sette ein stoppar for det meste av planar. I slutten av juli vart kampen flytta til Tulsa i Oklahoma.

Kampen blir sett opp som hovudkamp og møtet blir historisk. For første gong vil kvinnelege proffboksarar gå hovudkampen i eit stemne sendt på streamingstenesta DAZN.

– Dette kjem til å bli eit kjempetøff kamp for meg. Sjåverdig blir den garantert, seier Brækhus.

(©NPK)