Premier League-stjerne bøtelagt for fyllekøyring

Sheffields Oli McBurnie må betale ei bot på rundt 340.000 kroner og mistar førarkortet i eitt år etter fyllekøyring og brot på fartsgrensene.
sport

Den skotske spissen vedgjekk lovbrotet i retten fredag. Hendinga skjedde i oktober 2019.

24-åringen vart stoppa om natta like ved huset sitt med godt over lovleg promille. I tillegg til å vere rusa, låg spissen over fartsgrensa.

McBurnie har 28 dagar på å betale ei bot på litt over 340.000 kroner og mistar førarkortet i eitt år.

John Dye, McBurnies forsvarar, sa at fotballstjerna er flau og veit sjølv at han er ein rollemodell for mange, skriv Sky Sports.

– Han tenkte ikkje klart, og han unnskyldar for hendinga. Han er genuint lei seg for oppstyret han har forårsaka, sa Dye.

McBurnies Sheffield vann 1–0 mot Wolverhampton onsdag og tok eit stort steg i kampen om europaligaplass kommande sesong. «The Blades» ligg på 7.-plass i Premier League med 51 poeng.

(©NPK)