Marcelo ute resten av La Liga-sesongen

Ein lårskade gjer at Marcelo blir ikkje å sjå i Real Madrids fire siste seriekampar denne sesongen.
sport

Han skal vere klar til meisterligaoppgjeret mot Manchester City.

Kampen mot Manchester-laget blir spelt 7. august, men fram til det blir ikkje den brasilianske backen å sjå i La Liga-innspurten for Real Madrid.

Det stadfestar klubben på nettsidene sine.

32-åringen mistar med det dei resterande ligakampane mot Alaves, Granada, Villarreal og Leganés.

Heller ikkje midtstoppar Sergio Ramos og høgreback Dani Carvajal skal spele mot Alaves fredag kveld. Begge sonar med gule kort.

Real Madrid jaktar sin første La Liga-tittel sidan 2017. Dei er poenget føre Barcelona med ein kamp mindre spelt. Fredag kveld møter Zinédine Zidane og co. Alaves heime.

(©NPK)