Ødegaard tilbake på benken for Real Sociedad

Martin Ødegaard starta på benken når Real Sociedad møter Granada heime fredag.
sport

Ødegaard var tilbake i startellevaren for Real Sociedad då dei møtte Levante måndag, men fredag kveld er nordmannen igjen vist til benken.

Det er tredje gongen på dei siste fire kampane at 21-åringen startar på benken for Sociedad.

Også svenske Alexander Isak startar på benk.

Førre veke uttalte Real Sociedad-trenar Imanol Alguacil at 21-åringen har slite med ein skadd sidan oktober, og dessutan spelt kampar med smerter. Det skal vere snakk om jumpers knee for Ødegaard.

(©NPK)