Spyttar inn 1,5 milliardar i Jarsteins klubb

Bundesliga-klubben Hertha Berlin får 150 millionar euro i friske midlar frå investoren sin Lars Windhorst. Målet er å slå seg inn i tabelltoppen.
sport

Windhorsts investeringsselskap betaler 50 millionar euro no i juli, medan resten blir utbetalt i oktober. For pengane vil selskapet få kontroll over 66,6 prosent av aksjane i selskapet som eig Hertha Berlin.

Klubbpresident Werner Gegenbauer kallar det eit «fantastisk» steg framover, og meiner klubben aldri har hatt betre økonomi enn no.

Windhorst investerte i fjor 224 millionar euro i klubben, men sesongen som nyleg vart avslutta, vart skuffande for Hertha. Fire ulike trenarar prøvde seg, før Bruno Labbadia tok over og leidde klubben til tiandeplass på tabellen.

Tidlegare onsdag kom nyheita om at Rune Almenning Jarsteins målvaktkollega i Hertha, Thomas Kraft, gir seg som fotballspelar i ein alder av 31 år.

Kraft er fire år yngre enn den norske lagkameraten sin, men vel likevel å leggje opp med direkte verknad. Årsaka er stadig tilbakevendande skadeproblem.

– Ja, eg gir meg, stadfestar Kraft overfor den tyske sportsavisa Bild.

31-åringen har i lang tid slite med nakke- og ryggskadar. Det har gjort det umogleg å trene dei siste månadene.

Kraft starta målvaktkarrieren i Bayern München. Der spelte han 12 kampar for a-laget til klubben, før ferda gjekk vidare til Hertha i 2011.

Han spelte 159 kampar for hovudstadsklubben, men har dei siste sesongane vore Jarstein-reserve.

(©NPK)