Tysk storavis: Sané klar for Bayern München

Storovergangen til den tyske fotballstjerna Leroy Sané frå Manchester City til Bayern München er ifølgje avisa Bild i boks.
sport

Ingen av klubbane har offisielt annonsert overgangen, men Bilds fotballsjef Christian Falk skriv òg på Twitter at alle formalitetar er rydda av vegen.

Tyskaren var delaktig i at Manchester City kunne løfte heile tre engelske trofé i fjor, og no ventar etter alle solemerke nye utfordringar i München.

Citys manager Pep Guardiola varsla førre veke at den lynraske vingen ønskte seg vekk frå Manchester, og at han nekta å skrive under ny kontrakt. Sanés avtale går ut neste sommar.

Den lynraske vingen har vore skadd i nesten heile den inneverande Premier League-sesongen.

(©NPK)