Sinyan klar for Molde

Lillestrøm-forsvarar Sheriff Sinyan er klar for Molde. 23-åringen gleder seg til å ta fatt på nye arbeidsoppgåver for dei regjerande seriemeistrane.
sport

Sinyan har spelt for Lillestrøm sidan 2015. Han slo for alvor igjennom i 2016, før han fekk både 2017- og 2018-sesongen øydelagt av ein alvorleg kneskade, som heldt han unna fotballen i 14 månader.

I 2019 fekk han ein del speletid for kanarifuglane, men måtte òg finne seg i å sitje på benken. Det vart 19 kampar for romerikingane førre sesong i Eliteserien. Han har òg spelt to kampar for det gambiske landslaget.

– Det er veldig stort å få signere for seriemeisteren. Ein vil jo spele for dei beste, og Molde er best i Noreg. Dette er ein stor dag for meg, og eg føler dette er det riktige steget i karrieren min no. Her kan eg utvikle meg vidare, seier Sinyan til Romsdals Budstikke.

Dei regjerande seriemeistrane har mista både Ruben Gabrielsen og Vegard Forren etter førre sesong. Tysdag kom òg nyheita om at Martin Ove Roseth permanent skifte beite til Sogndal.

Martin Bjørnbak og Stian Gregersen er normalt førstevalet til klubben på stopparplass, men mot Stabæk søndag spelte midtbanespelar Martin Ellingsen saman med Bjørnbak.

(©NPK)