Koronasmitte i Bergets Malmö

Minst to personar i staben til den svenske fotballklubben Malmö er stadfesta smitta av koronaviruset. Kampen på onsdag mot Djurgården blir spelt som normalt.
sport

Skåne-klubben stadfesta sjølv smittesituasjonen på nettsida si tysdag.

Ingen trenarar eller spelarar har fått påvist smitte, men to personar i staben har det, melder Kvällsposten. Malmö har Jo Inge Berget i spelarstallen sin.

Malmö-leiinga seier til TV4s fotballkanal at kampen på onsdag mot Djurgården skal gå som vanleg. Sportssjef i Djurgården, Bosse Andersson, meiner heller ikkje at det er grunn til bekymring.

– Nei, det gjer eg ikkje. Sånn her kjem det sikker til å vere i fleire kampar, at nokon blir ramma. Vi har restriksjonar i svensk fotball som vi følgjer, og det er ein tryggleik når sånt som dette dukkar opp. Vi kjenner oss trygge og klare for match i morgon, seier Andersson til nyheitsbyrået TT.

Etter prestasjon mot AIK sist helg, kan Berget kanskje få sjansen frå start for Malmö FF onsdag.

Berget skadde seg i cupkampen mot Karlskrona 1. mai, men var tilbake på benken til kampen på søndag mot AIK. Halvtimen før slutt på stillinga 2–0 til AIK fekk han dei første minutta sine i Allsvenskan i år.

Det betalte seg for Malmö då dei fekk straffe etter 70 minutt. Isaac Kiese Thelin bomma frå elleve meter, men på returen var Berget først og sørgde for redusering.

(©NPK)