Klopp varslar roleg sommarvindauge for Liverpool

Liverpool-trenar Jürgen Klopp seier klubben neppe vil bruke store pengar i overgangsvindauget i sommar.
sport

Tyskaren vil heller satse på dei unge spelarane til klubben, seier han ifølgje Reuters.

– Ein må vere kreativ. Vi prøver å finne løysingar internt, og det er framleis gode ting i vente: Vi har tre eller fire spelarar som kan ta store steg, seier Klopp.

Han legg til at koronakrisa truleg vil føre til at klubbane ikkje bruker like mykje pengar som normalt i sommarvindauget.

– Covid-19 har hatt ein effekt på både seljande og kjøpande klubbar. Det er heilt normalt, og det blir nok ikkje den travlaste sommaren, seier han.

Liverpool vart krona til seriemeistrar etter at Chelsea slo Manchester City sist veke. Med sju kampar igjen er Liverpools leiing over blåtrøyene frå Manchester på 23 poeng.

Det er første gong sidan 1990 at den tradisjonsrike klubben vinn toppdivisjonen i England.

(©NPK)