Elyounoussi signerte ny Celtic-lånekontrakt

Mohamed Elyounoussi tek endå ein sesong i den skotske meisterklubben Celtic på utlån frå Premier League-klubben Southampton.
sport

Det stadfestar Celtic i sosiale medium tysdag.

Elyounoussi har slite med å slå gjennom på den engelske sørkysten, men imponerte hos Celtic då han vart send dit på lån i fjor. Nordmannen spelte 20 kampar i alle turneringar for Glasgow-klubben førre sesong, og noterte seg for sju mål og seks målgivande pasningar.

Han bidrog med det til at klubben tok den niande strake ligatittelen sin. 2019/20-sesongen i Skottland vart avbroten som følgje av koronasituasjonen.

Den norske vingen drog ikkje åleine frå Southampton til Skottland. Også målvaktkjempa Fraser Forster drog same veg. Celtic-manager Neil Lennon var ikkje i tvil om at han ville behalde lånesoldatane sine då han vart intervjua av Daily Record i mai.

– Viss vi klarer å behalde dei to, veit dei korleis vi jobbar og kva denne klubben handlar om. Dei har gjort verkeleg gode bidrag. Fraser var heilt strålande, og «Moi» var fantastisk inntil han vart skadd, sa Lennon.

Elyounoussi har kontrakt med Southampton fram til sommaren 2023.

25-åringen står med 24 kampar og fem mål for det norske landslaget.

(©NPK)