Carlsen tapte med vilje, men vann kampen: – Det einaste riktige å gjere

Magnus Carlsen lét Ding Liren vinne det andre partiet i duellen på tysdag i Chess Masters. Det skapte reaksjonar. Så tok Carlsen første stikk i semifinalen.
sport

Carlsen vann den første av semifinaledagane mot Ding 3,5 mot 2,5 poeng, men det var parti nummer to dei fleste snakka om etterpå.

Då gav den norske verdsmeisteren bort sigeren i kjølvatnet av at dårleg nettsamband hadde avgjort det første partiet i favøren til nordmannen. Kinesiske Ding mista sambandet og klarte ikkje kople seg på igjen i tide til å halde fram spelet.

Dermed gjekk sigeren til Carlsen, som openbert ikkje syntest det var nokon rettferdig måte å avgjere partiet på. Tre trekk ut i parti nummer to gjorde derfor nordmannen grepet som gav Ding-seier.

Då kinesaren mista nettsambandet i opningspartiet peika stillinga klart i retning av ein remis.

– Alle fornuftige trekk gav remis. Eg har utruleg stor respekt for Ding som sjakkspelar og menneske. Eg syntest det var den einaste korrekte måten å gjere det på. Eg ville vinne på brettet, sa Carlsen til Chess24.

– Sjølvsagt øydelegg det litt integriteten til matchen at det plutseleg står 1-1, i staden for ein halv mot ein halv, men eg synest det var det minste vondet, utdjupa han overfor TV 2.

Nordmannen vart raskt hylla av mange i sosiale medium for gesten.

– Det handla eigentleg ikkje om å få hyllest, sa verdsmeisteren.

Kritiske ekspertar

TV 2s sjakkekspert Hans Olav Lahlum er internasjonal sjakkdommar, og var direkte på sendinga til kanalen klar på at Carlsens grep truleg vil bli heftig diskuterte.

Sjølv gav han Carlsen ros, men understreka at han var ambivalent til situasjonen som akkurat hadde oppstått.

– Eg synest det er på sin plass å hylle Magnus for veldig stor sportsånd, og i den situasjonen som er no, synest eg ikkje han gjer noko gale. Han har opplevd at det første partiet fekk eit feilaktig utfall og at han derfor har gått opp i leiinga. Han utliknar matchen for å utlikne det, sa Lahlum på TV 2-sendinga.

Jon Ludvig Hammer likte ikkje det han så.

– Eg synest det er veldig spesielt at ein hyllar det å tape med vilje som fair play. Det er heilt vanvettig, sa han.

Berg-og-dalbane

Lahlum antyda på si side at ein regjerande verdsmeister neppe har tapt eit parti raskare.

Carlsen og Ding spelte så remis i det tredje partiet, og remis vart det òg i det fjerde. Dermed heldt den første av tre semifinaledagar med to parti lynsjakk fram.

I det første av dei heldt remis-rekkja fram sjølv om begge spelarane hadde moglegheiter til å få eit avgjerande grep undervegs. Litt berg-og-dalbane vart det òg i lynsjakkparti nummer to.

Med kvite brikker skaffa Ding seg tidleg eit lite overtak, men solid forsvarsinnsats av Carlsen snudde partiet. Dermed vann den norske verdsmeisteren den første dagen av semifinalen 3,5 mot 2,5 poeng.

(©NPK)