To smittetilfelle i Martin Samuelsens klubb

To personar i fotballklubben Hull i den engelske meisterskapsserien har fått påvist koronaviruset.
sport

Det opplyser klubben sjølv søndag. Klubben opplyser at identiteten til personane ikkje blir offentleggjord og ber om forståing for det. Om dei er spelarar, er uvisst.

Hull opplyser at personane ikkje har symptom eller føler seg sjuke. Dei skal no i isolasjon i éi veke før dei blir testa på nytt.

Dei siste tre døgna har 1.014 personar knytte til dei 24 klubbane på nivå to i engelsk fotball vorte testa. Det er berre dei to personane i Hull som har testa positivt.

Treningsoppstart

I meisterskapsserien er det framleis eit uttala mål å spele dei attståande seriekampane. Klubbane planlegg treningsstart utan kontakt måndag. 1. juli blir no nemnd som ein mogleg dato for dei første kampane.

Martin Samuelsen melde overgang frå Manchester City til Hull i januar. Han har så langt spela fem kampar for klubben.

Same månad vart Markus Henriksen lånt ut frå Hull til Bristol City. 27-åringen signerte for Hull i august 2016 og har kontrakt med klubben fram til juli.

Inga massetesting på nivå tre

Det er ikkje gjennomført testing for laga på nivå tre og fire i engelsk fotball (League One og League Two). Det tyder at dei ikkje kan starte med gruppetrening, men klubbane har høve til å stille treningsanlegga sine til disposisjon for individuelle treningsøkter for spelarane.

Klubbane i League Two har gått inn for å avbryte sesongen, medan det framleis er usemje mellom klubbane i League One om ein skal prøve å spele ferdig.

(©NPK)