Englands fotballforbund avbryt seriespel og annullerer resultat

Englands fotballforbund (FA) har vedteke at alle seriar under nivå seks for menn og nivå to for kvinner blir stoppa for sesongen og resultata blir strokne.
sport

Det melder FA på nettstaden sin. Avgjerda betyr at det ikkje blir opp- eller nedrykk i den engelske seriepyramiden utover dei øvste divisjonane, som det framleis er håp om å fullføre.

Avgjerda gjer neppe Liverpool-tilhengarar mindre nervøse. Annullering av oppnådde resultat ved sesongavbrot er det som kan koste klubben sin første Premier League-tittel.

FA er ikkje ansvarleg for dei fire øvste nivåa for menn, som blir administrerte av høvesvis Premier League og English Football League. Fotballforbundet håper å fullføre dei to øvste nivåa for kvinner, dei to nivåa i National League for menn (nivå fem og seks), og dessutan FA-cupen som også blir arrangert av forbundet.

– Vi ser på alle alternativ som kan la oss spele FA-cupen ferdig, heiter det i ei fråsegn frå Englands fotballforbund.

Utfordrande

– Dette er utfordrande tider for engelsk fotball, og alle avgjerdene våre er tekne med tanke på fotballens beste. Helsa til spelarar, leiarar, funksjonærar, frivillige og supporterar må setjast over alle andre omsyn, skriv FA.

Avgjerda omfattar til saman 91 seriar i førstelagsfotball, og dessutan all fotball på lågare nivå. Ein planlagt omstrukturering av seriepyramiden er utsett eitt år.

Nokre lag hadde allereie sikra opprykk, men det er no kansellert. Jersey Bulls har vunne alle sine 27 kampar og leia serien sin med 20 poeng, men må spele vidare på same nivå til hausten.

South Shields hadde 13 poengs luke på tabelltopp i jakta si på opprykk til nivå seks, og formann Geoff Thompson føler seg svikta av FA.

Protesterer

– Vi vil skrive til FA og på det sterkaste uttrykke misnøya vår. Vi vil òg varsle ein anke og eventuelle rettslege skritt, seier han ifølgje BBC.

Paul Wootton, manager for Truro United som også låg an til å klatre til nivå seks, meiner det er enklare å tråkke på dei små.


– Liverpool kan trekke avgjerdstakarane for retten om sesongen blir annullert. Vi har ikkje ressursar til å gjere det, seier han.

(©NPK)