Chelsea-stjerne tilbakeviser påstand om at han er ferdig i klubben

Pedro Rodríguez (32) vart sitert i spanske medium på at han forlèt Chelsea i sommar. No seier vingen at han ikkje har bestemt seg.
sport

Kontrakten til spanjolen med Chelsea strekker seg ut mai, og han er dermed blant fleire Premier League-spelarar som ikkje veit kvar dei speler fotball neste sesong.

Det er likevel ikkje rett at Pedro forsvinn frå Chelsea når kontrakten hans går ut, hevdar hovudpersonen sjølv. Ei misforståing skal ha ført til at han vart sitert på at han «terminerer» kontrakten med London-klubben.

– Som mange veit, går kontrakten min ut i mai. Men eg har framleis ikkje snakka med klubben om han skal forlengast eller ikkje, seier han til Chelseas nettstad.

Pedro vart klar over oppslaga i Spania då Chelsea-supporterar byrja å takke han for innsatsen i sosiale medium.

– Eg har sett mange meldingar frå Chelsea-fans som seier «farvel» og takkar meg for tida eg har halde til her. Det set eg pris på, men eg vil berre seie til fansen at den noverande kontrakten min nærmar seg utløp, men at eg framleis må snakke med klubben, seier han og understrekar at han ikkje har inngått nokon avtale med ein annan klubb.

Pedro har spelt for Chelsea i snart fem år etter overgangen frå Barcelona. Han er ein av tre Chelsea-stjerner som er i 30-åra og på utgåande kontrakt. Også Olivier Giroud og Willian kan måtte finne seg ein ny arbeidsgivar i løpet av sommaren.

(©NPK)