Avis: Barca-stjernene sa nei til å halvere lønna

Spelarane og leiinga i fotballgiganten Barcelona er usamde om kor stort lønnskutt som skal innførast for å hjelpe klubben gjennom koronakrisa.
sport

Ifølgje avisa AS har Lionel Messi og dei andre Barcelona-stjernene inntil vidare avslått forslaga frå klubbleiinga om lønnsreduksjon.

Klubben ønsker at alle profesjonelle spelarar går med på eit lønnskutt på heile 70 prosent så lenge koronaviruset gjer at det ikkje kan drivast idrett. Klubbpresident Josep Maria Bartomeu skal samtidig ha vore villig til å gjere eit unntak for A-laget i fotball, slik at lønnskutta deira ikkje overstig 50 prosent.

Dette forslaget skal òg ha vorte avvist av representanten til spelarane. Ifølgje radiokanalen RAC1, som blir sitert i ei rekke spanske medium, er dei villige til å godta ein lønnsreduksjon på 30 prosent for resten av sesongen.

Media i landet rapporterer òg at det finst ein særlov som gjer at Barcelona og andre klubbar kan sleppe å betale ein del av lønna til spelartroppen så lenge koronapandemien varer, sjølv utan spelaranes godkjennelse.

Torsdag kveld publiserte Barcelona ei pressemelding på nettstaden sin der klubben varslar ei «proporsjonal reduksjon» av lønningane i dei ulike kontraktane, utan å slå fast kva prosent eller del det dreier seg om. Klubben informerer òg om ei rekke tiltak den set i verk for å bidra til bekjempelsen av koronaviruset.

All toppfotball i Spania er utsett inntil vidare som følgje av virusutbrotet. Siste kampdag i La Liga var 10. mars. Pausen gjer at klubbane går glipp av store summar i form av TV-pengar, sponsorutbetalingar og billettinntekter.

(©NPK)