Engelsk spelarforeining kallar inn til hastemøte om lønnskutt

Spelarforeininga PFA vil ha eit hastemøte med leiinga for dei fire øvste ligaene i engelsk fotball for å diskutere dei økonomiske konsekvensane av viruskrisa.
sport

Det opplyser spelarforeininga på nettsidene sine.

«Som med andre bransjer påvirker den pågående viruskrisen økonomien i fotballen i stor grad. Mange klubber har allerede kontaktet spillerne med tanke på lønnskutt», skriv PFA.

«For å håndtere denne situasjonen har vi bedt om et hastemøte med Premier League og EFL for å diskutere hvordan vi skal gå videre med dette», heiter det vidare.

Den engelske fotballigaen (EFL) organiserer dei tre liganivåa under Premier League.

Tysdag vart Birmingham den første klubben i den engelske meisterskapsserien som bad spelarane gå ned i lønn som følgje av virussituasjonen.

Engelsk fotball er sett på pause fram til 30. april. Kva som skjer etter det er høgst uklart.

(©NPK)