Tande på sjetteplass etter første omgang i Lahti, tre norske slått ut

Daniel-André Tande er på sjetteplass etter første omgang i verdscuprennet i Lahti. Tre av dei seks norske er slått ut før finaleomgangen.
sport

Tande var einsleg norsk svale i første omgang fredag. Etter eit hopp på 124,5 meter er han 6,5 poeng bak den leiande austerrikaren Stefan Kraft. Fram til Dawid Kubacki på andreplass er det berre 2,8 poeng.

Marius Lindvik er på 19.- og Robert Johansson på 20.-plass.

For Anders Håre, Robin Pedersen og Johann André Forfang vart det berre eitt hopp i rennet på fredag. Håre og Pedersen enda på 31.- og 32.-plass og var høvesvis 0,3 og 0,5 poeng frå å kvalifisere seg til finaleomgangen.

Forfang enda på ein skuffande 36.-plass.

(©NPK)