Gjert om Jakobs skade: – Påverkar ikkje sesongen negativt

Gjert Ingebrigtsen meiner Jakob ikkje er noko hemma av belastningsskaden han fekk før jul. Han seier sonen ligg godt an i sesongoppkøyringa.
sport

Jakob kom saman med storebror Henrik heim frå treningsleir i Sør-Afrika måndag. Dit reiste dei 19. januar, to veker etter mellomstebror Filip.

– Jakob pådrog seg ein skade i rumpa på oppløpet under EM i Lisboa i desember, då han måtte gjere ein retningskorrigering i stor fart. Det er snakk om ein belastningsskade, men han vart utløyst der, fortalde Gjert Ingebrigtsen til NRK i januar.

Til NTB fortel han at skaden ikkje har påverka 19-åringen nemneverdig.

– Det er nokre månader sidan no, alt er ved det normale. Det påverkar ikkje sesongen negativt, seier far Ingebrigtsen.

Rolegare sesong

Jakob valde òg, i motsetning til Filip, å stå over innandørssesongen. – Jakob kjente at fjorårssesongen var i overkant hard. Det var ei vurdering han gjorde, seier Gjert.

Jakob deltok i fleire innandørsstemner førre sesong, mellom anna EM i Glasgow der han tok gull og sølv på 3000 og 1500 meter.

– Viss han held fram med det same køyret, ville det koste han.

Far og trenar Gjert fortel at dei enno ikkje har lagt alle planar framover, men at sesongopninga vil komme i mai. Førre sesong deltok Filip og Jakob hyppig i Diamond League. Det blir det mindre av i år.

– Dei sprang mange løp i fjor for å få stabilisert seg på det nivået. Det blir nok ikkje like mange i år, mellom anna fordi det er eit litt anna oppsett i Diamond League.

Under VM i Doha i fjor sprang Jakob og Filip Ingebrigtsen både 1500 meter og 5000 meter. Filip har tidlegare uttalt til NTB at det ikkje vil vere aktuelt med ei dobling. Ifølgje Gjert vil det heller ikkje vere aktuelt for Jakob.

– Med oppsettet i OL er det er ikkje praktisk mogleg dessverre. Dei hadde nok ønskt det alle tre, men det blir ikkje aktuelt.


(©NPK)