Britiske medium: Guardiola blir i Manchester City

Pep Guardiola har ifølgje britiske medium bestemt seg for å bli Manchester City sjølv om klubben er utestengd frå spel i Europa dei to neste sesongane.
sport

Ifølgje The Times skal han ha fortalt både City-styret og spelarane at han vil bli i klubben. Også Sky Sports melder det same.

– Uansett kva liga vi er i kjem eg til å bli her verande, skal spanjolen ha sagt ifølgje kanalen.

– Til og med viss vi må spele i League Two vil eg bli. Dette er tida for å halde saman.

Guardiola, som har vore i klubben i fire år, skal etter det som blir sagt, sjølv stadfeste dette på ein pressekonferanse før den utsette kampen mot West Ham onsdag.

Manchester Citys utestenging frå Europa kjem som følgje av brot på reglane om økonomisk fair play. Klubben har allereie meldt at dei vil anke dommen.

(©NPK)