Uefa straffar Manchester City for økonomisk juks, utestengt frå europacupane i to år

Manchester City blir straffa av Det europeiske fotballforbundet (Uefa) for brot på reglane om økonomisk fair play med utestenging frå europacupane i to år.
sport

Det melder Uefa i ei pressemelding fredag.

Etter ei gransking av finansane til klubben har det dømmande kammeret i Uefas kontrollkomité for oppfølging av økonomisk fair play konkludert med at Manchester City i perioden 2012 til 2016 dramatisk overrapporterte sponsorinntektene til klubben. Klubben skal òg ha vist manglande samarbeidsvilje under etterforskinga.

Manchester City får ikkje delta i meisterligaen eller andre europeiske turneringar klubben måtte kvalifisere seg til i sesongane 2020–21 eller 2021–22. I tillegg må klubben betale ei bot på 30 millionar euro (om lag 300 millionar kroner).

Straffa kan ankast inn for Idrettens valdgiftsrett (CAS), og Uefa opplyser at ein på det noverande tidspunktet ikkje vil gi ytterlegare kommentarar til straffa.

(©NPK)