Solskjær trur kvilen vil gi betre fotball

Ole Gunnar Solskjær set pris på at Manchester United-laget har fått to vekers vinterpause og trur det vil resultere i betre spel utover våren.
sport

Solskjær reiste tilbake frå treningsleiren i Spania før spelarane for å møte pressa tre dagar før den viktige bortekampen på måndag mot Chelsea. Det blir Uniteds første kamp sidan det mållause oppgjeret mot Wolverhampton 1. februar.

– Spelarane har fått kvile ut, og det har vore godt for absolutt alle i stallen, både individuelt og som lag. Kvaliteten på fotballen som blir spelt i ligaen kjem til å bli betre. Desember og januar var tøffe månader for oss, og det er ein god ting at vi fekk denne pausen. No er det opp til gutane å vise resultatet på banen, sa han.

Solskjær vart konfrontert med at Fred i eit intervju nyleg vart sitert på at United har «mange problem » og at samhald er mangelvare blant spelarane.

– Denne gruppa står saman, tvil ikkje på det. Eg har ikkje sett intervjuet, men Fred veit at spelarane ønsker å gi alt saman. Det er ingen haldningsproblem, svarte Solskjær.

Den etterlengta pausen har ikkje ordna skadeproblema.

– Eg trur ikkje vi får nokon tilbake frå skade til Chelsea-kampen. Scotty (McTominay), Axel (Tuanzebe) og Tim (Fosu-Mensah) har ikkje vore med mykje på trening og er ikkje klare for spel. Og Paul (Pogba) er sjølvsagt heller ikkje klar, sa han.

Solskjær fekk mange spørsmål om Odion Ighalo, som overraskande for mange vart leigd inn rett før overgangsvindauget stengde.

Klyper seg i armen

– Med Marcus Rashfords skade trong vi ein spiss til. Då vi fekk sjansen til å leige Odion, såg vi ein målskårar, toppskåraren i fjorårets afrikameisterskap, som kan hjelpe oss. Han er veldig profesjonell og ein god gut som kan gi gruppa noko.

Ighalo har vore gjennom ein karanteneperiode på grunn av frykt for covid-19-viruset, sidan han vart henta frå kinesiske Shanghai Shenhua. Han reiser med laget til London, men Solskjær ville ikkje seie om han blir å sjå på banen måndag.

– Eg har aldri sagt at han ville bli klar for å spele måndag, men han reiser til London som ein del av gruppa. No er han ferdig med karantenen på to veker som var eit tryggingstiltak, og så får vi sjå om han kjem på banen eller ei, sa han.

– Han har jobba veldig hardt. Han klyper seg i armen ved tanken på at han er henta til favorittklubben som 30-åring, men han har gjort seg fortent til det, og eg håper han imponerer så mykje at vi får sjå han spele. Ein spiss kan kastast utpå utan mykje trening i gruppa. Kanskje kjem han inn om vi treng eit mål.

Ein stor kamp

Chelsea har ikkje slått Manchester United i Premier League sidan hausten 2017. Seks poeng skil mellom laga, og United har god bruk for ein siger i kampen om den viktige fjerdeplassen.

– Vi har gjort det godt mot dei tidlegare i sesongen. Chelsea er gode heime, men målet vårt er å vinne. Ein siger vil gi oss meir tru og større håp, sa Solskjær.

– United er eit godt lag, og dei har henta nokre spelarar i januar. Eg ventar ein tøff kamp måndag, mot ein direkte rival i kampen om meisterligaplass. Det er ein stor kamp, sa Chelsea-manager Frank Lampard på pressekonferansen tidlegare fredag.

(©NPK)