Sjögren fann plass til debutant i Algarve-troppen

Emilie Woldvik er einaste debutant i den norske troppen når fotballandslaget for kvinner i mars reiser for å forsvare sigeren frå i fjor i Algarve Cup.
sport

Landslagssjef Martin Sjögren har tatt ut 23 spelarar i troppen som reiser til Portugal, blant dei 21 år gamle Emilie Woldvik frå LSK Kvinner. Ho får den første turen sin med det norske landslaget.

– Ho har gjort det bra over lengre tid for både LSK og U23-landslaget, og vi synest det var ei fin moglegheit til å sjå henne hos oss. Ho er ein offensiv back, som kan spele både høgre og venstre, og ut ifrå spelestilen vår kan ho ha ei fin moglegheit til å passe bra inn, seier Sjögren.

I tillegg er Synne Jensen og Anja Sønstevold tilbake etter ein periode utanfor troppen.

– Dei er tilbake på grunn av prestasjonane i klubblaga. Synne var toppskårar i Røa og har òg byrja bra i Vålerenga no. Anja har vore god for LSK i ulike posisjonar. Begge har vore inne tidlegare og det skal bli interessant å sjå dei att, held landslagssjefen fram.

Noreg møter Danmark i første kamp 4. mars. Resultatet i den kampen avgjer kven som ventar i dei to komande oppgjera, men det blir anten Sverige eller Tyskland i kamp to.

I april startar alvoret for dei norske jentene. Då startar EM-kvalifiseringa med bortekamp mot Wales.

Dette er Noregs tropp til Algarve Cup:

Cecilie Fiskerstrand (Brighton), Oda Maria Bogstad (Sandviken), Aurora Mikalsen (Manchester United), Ingrid Moe Wold (Madrid CFF), Synne Skinnes Hansen (Linköping), Tuva Hansen (Klepp), Maren Mjelde (Chelsea), Maria Thorisdottir (Chelsea), Stine Hovland (Milan), Emilie Woldvik (LSK Kvinner), Kristine Minde (Wolfsburg), Anja Sønstevold (LSK Kvinner), Vilde Bøe Risa (Koppabergs/Göteborg), Frida Maanum (Linköping), Ingrid Syrstad Engen (Wolfsburg), Rikke Nygard (Arna-Bjørnar), Amalie Eikeland (Reading), Karina Sævik (Paris Saint-Germain), Guro Reiten (Chelsea), Elise Thorsnes (Canberra), Caroline Graham Hansen (Barcelona), Synne Jensen (Vålerenga) og Lisa-Marie Utland (Reading).

(©NPK)