Nordtveit varslar landslagsfarvel og Haugesund-retur

Håvard Nordtveit seier han speler i Haugesund når Hoffenheim-kontrakten hans går ut om to år. Han meir enn antydar at landslagskarrieren er over til sommaren.
sport

29-åringen har spelt i utlandet meir eller mindre samanhengande sidan han forlét Haugesund til fordel for Arsenal i 2007. I 2022 er ringen slutta, dersom alt går sånn Hoffenheim-proffen håpar.

– Eg vil spele i Hoffenheim i to år til, men då har eg vore lenge nok borte frå heimen min og familien, seier Nordtveit i eit ferskt intervju med den tyske klubbens eige magasin «Spielfeld».

– I Noreg går eg til FK Haugesund for å gi noko tilbake til klubben, held 29-åringen fram.

Nordtveit har òg tidlegare meir enn antyda at han kunne kome til å avslutte karrieren i rogalandsklubben der karrieren skaut fart.

Opplevd mykje

I magasinintervjuet røper samtidig Nordtveit òg at han har sett lenger inn i framtida enn berre til 2022. Målet etter han kjem heim, handlar nemleg ikkje berre om å bidra til Haugesund-suksess på banen.

– Først på banen, seinare kanskje som klubbsjef. Vi får sjå, seier fotballprofilen.

Etter at han forlét FKH i 2007 har han i tillegg til Arsenal vore innom spanske Salamanca, Nürnberg, Borussia Mönchengladbach, West Ham, og Fulham. Eit kort låneopphald vart det òg i Lillestrøm i 2009.

– Eg har opplevd mykje i fotballen og er veldig glad, stolt og takksam for det. Eg kunne ikkje ha levd sånn eg gjer no utan idretten, seier han.

Farvel til landslaget?

No kjenner Nordtveit samtidig at han er klar for ein retur til Noreg. Før snuten blir vend mot gamlelandet, har han likevel ambisjonar om å oppnå nye sportslege framgangar med Hoffenheim.

Eit EM-eventyr med det norske landslaget står òg svært høgt på ønskjelista til rogalendingen. I så fall må Serbia slåast i kvalifiseringa i mars.

Eit eventuelt sluttspel blir etter alle solemerke det siste 29-åringen gjer med flagget på brystet.

– Å spele eit EM-sluttspel er den store draumen min, seier Nordtveit – og legg til:

– Det vil vere den siste sjansen min til å spele ei turnering med Noreg. Eg har alltid sagt at det er spesielt å spele med det norske flagget på brystet. Men, etter ni år, er det tid for å ta farvel til sommaren, seier han.

Det siste kan knapt tolkast som noko anna enn at landslagskarrieren er over etter eit eventuelt EM-sluttspel.

(©NPK)