Kilde vann i Austerrike – tok over leiinga i verdscupen

Aleksander Aamodt Kilde vann verdscuprennet på fredag i super-G i Saalbach-Hinterglemm. Med det overtok han òg leiinga i verdscupen samanlagt.
sport

Mauro Caviezel var på veg mot siger då Aleksander Aamodt Kilde fekk solid klaff ned super-G-traseen i Austerrike fredag.

Med startnummer fem på brystet vart Kilde trekt langt ut i eit par svingar, men tida ned den forkorta løypa heldt likevel til leiing for Lommedal-køyraren. I mål var han 0,15 sekund føre sveitsaren.

Då tyske Thomas Dreßen, med startnummer 19 køyrde inn til tredjeplass, 31 hundredelar bak Kilde, hadde alle dei antatt sterkaste konkurrentane vore gjennom løypa.

Dermed vart det Kildes første siger sidan han gjekk til topps i utforrennet i Val Gardena i 2018.

Med siger tar Kilde over samanlagtleiinga i super-G-cupen, 51 poeng føre Caviezel. 27-åringen tar samtidig òg over samanlagtleiinga i verdscupen. Han er no 79 poeng føre Henrik Kristoffersen.

Kjetil Jansrud leverte ei rufsete framsyning og enda opp på 9.-plass, 65 hundredelar bak Kilde.

(©NPK)