Grace Bullen vart europameister for andre gong, slo Akobija 6–1

Grace Bullen vann EM-gull i bryting ved å overvinne ukrainske Alina Akobija 6–1 i finalen i 57-kilosklassen for kvinner under meisterskapen i Roma.
sport

Bullen innleidde finalen ved å hindre forsøket til motstandaren på å få til poenggivande grep og fekk eit par gonger tilsnakk for passivitet. Akobija vart tilkjent det første poenget i kampen, men Bullen vende til 4-1-leiing då ho rett før slutt i første halvdel fekk motstandaren ned på matta og greidde å rulle henne.

I dei siste tre minutta auka ho til 6-1-leiing og fekk deretter eit jerngrep om Akobija som ikkje greidde å komme seg opp igjen frå matta. Ho kunne kanskje greidd ein fallsiger, men nøgde seg med å halde motstandaren nede medan sekunda tikka av garde.

Etter den klare sigeren dansa ho rundt i ringen med norsk flagg.

Det er den andre EM-tittelen til den norske 23-åringen. Bullen vart europameister òg i Novi Sad i 2017, året etter at ho tok den første EM-medaljen sin med sølv i Riga.

Bullen tok seg til finale med to overbevisande sigrar torsdag. Først vart det fallsiger mot Alyona Kolesnik frå Aserbajdsjan i kvartfinalen, deretter 2-0-siger over Jirina Kuratsjkina frå Kviterussland i semifinalen.

Silje Kippernes var i aksjon i rekvalifisering i 53-kilosklassen fredag, men tapte for rumenske Georgiana Seicariu. Ho fekk ein ny sjanse fredag fordi Jessica Blaszka, som slo henne i kvartfinalen torsdag, tok seg til finale.

Tidlegare i meisterskapen vann Morten Thoresen EM-gull i 67-kilosklassen i gresk-romersk bryting, medan Iselin Solheim tok bronse i 76-kilosklassen for kvinner.

(©NPK)