Endeleg gull for Olsbu Røiseland: – Dette har eg jobba for i mange år

Etter mange år med kjemping klarte Marte Olsbu Røiseland (29) endeleg å vinne eit individuelt meisterskapsgull. Og no er ho svolten på meir.
sport

Olsbu Røiseland kunne ha mista gullet då ho bomma ein gong på den ståande skytinga på sprinten på fredag. Men sidan dei beste utfordrarane òg feila på standplass, kunne Froland-løparen juble til slutt.

USA-veteranen Susan Dunklee var nærast å slå henne, men stivna på slutten og enda 6,8 sekund bak den norske vinnaren.

– Eg såg innspurten hennar, og det vart forferdeleg nervepirrande, forklarte Olsbu Røiseland, som ikkje torde å innkassere gullet før alle løparar var i mål.

– Eg var så redd for å ta sigeren på forskot. Eg veit at ein medalje ville smakt bra i dag uansett kva valør det var. Men viss ein først trur at det blir gull, og så blir det til dømes bronse, så blir det ein nedtur.

Etterlengta

29-åringen frå Agder slo for alvor igjennom med sølv på sprinten i OL for to år sidan. I fjor vann ho tre VM-gull i Östersund, men ho har aldri tatt VM-medalje på ein individuell distanse.

Ikkje før fredag i påskevêret på skiskyttarstadion i Anterselva.

– Fy flate. Det tok nokre år, var Olsbu Røiselands umiddelbare respons på NTBs spørsmål om korleis det var å gå heilt til topps i VM.

– Det er veldig herleg. Dette har eg jobba for i mange år. Eg fekk det til i OL, men så måtte eg vente litt etter det. Så det er ekstra herleg å få det til i dag, òg sidan det er første VM-distanse.

På jaktstarten på søndag går ho dessutan ut i leiing.

– No er det berre å «gønne» på vidare. VM varer lenge, og eg er ikkje ferdig enno, slo ho fast.

Trefte

Olsbu Røiseland gledde seg over å peike nase til dei som har kritisert opplegget hennar i VM-sesongen. Ho vraka ei verdscuphelg i Frankrike før jul for å trene på heimebane.

No er det vanskeleg å seie anna enn at frolendingen trefte med opplegget sitt.

– Eg har hatt trua heile vegen, men det er nokon som har tvilt på meg. Eg føler at eg svarte veldig bra i dag. Det smaker ekstra godt når ein har nokre tvilarar.

Lærte av VM-skuffelse

Olsbu Røiseland meiner òg at fjorårets skuffelse i Östersund, der ho hadde 4.-plass som beste resultat individuelt, kan ha bidratt til at det vart suksess i år.

– Eg føler det byrja litt i fjor, då eg var ein av favorittane i Östersund. Då lykkast eg ikkje heilt individuelt, og eg tenkte nok for mykje på at eg ønskte ein individuell medalje. Men det er skiskyting. Ein må gjere jobben først og deretter tenke på resultata. Eg føler eg lærte utruleg mykje av den meisterskapen, sa ho.

– I dag hadde eg bestemt meg for at eg ikkje skulle vere så resultatfokusert, men berre kose meg og gi alt heile vegen. Eg fekk den duellen mot Dorothea Wierer (startnummeret føre) som eg ønskte meg, og det var skikkeleg herleg å gå forbi henne, gliste Olsbu Røiseland.

Ho gledde seg til å feire gullet med kake på utøvarhotellet i Anterselva. I helga får ho dessutan besøk av familien og resten av fanklubben «Team Olsbu», som skal følgje henne på jaktstarten søndag.


(©NPK)