Abelvik Rød ute av EM: – For store smerter

Magnus Abelvik Rød var nedbrett etter at han måtte takke for seg i handball-EM. Ein fotskade set han utanfor det som kan bli ei norsk gullferd.
sport

22-åringen har pådratt seg eit lite brot i foten. Dermed er EM-et hans over etter fem sigerskampar med Noreg. Rød er svært skadeforfølgd, og igjen vart han ramma.

– Ein blir lei seg sjølvsagt. Det er kort og godt for vondt til å spele. Han kan nesten ikkje setje ned foten. Smertene blir for store, seier landslagslege Thomas Torgalsen til NTB.

Han har sendt røntgenbilda til Noreg og fått vurderingar òg derfrå. Avgjerda var ganske enkel å ta.

Rød kom til spelarhotellet på krykkjer og var naturlegvis prega. – Det er tungt. Eg såg fram mot å bidra, seier han.

Godt dekte opp

Rett før EM sleit Rød med hofta, men han valde å satse mot EM. Han forstua òg ein finger for nokre dagar sidan.

Etter Sverige-kampen-snakka Rød om at han følte ansvar overfor klubben, og at det kunne vere tungt når han pådrog seg skadar.

No blir han borte ei stund. Dermed mistar han òg fleire kampar for Flensburg Handewitt kort etter EM.

– Han får truleg ein rehabiliteringsperiode på tre til fire veker, seier Torgalsen.

Nummer ein

Rød er førstevalet som høgre bakspelar både i angrep og forsvar for landslaget. No står Noreg igjen med Harald Reinkind og Eivind Tangen, ingen dårlege erstattarar.

Rød vart sjekka på spelarhotellet etter kampen på søndag. Det var då antatt å vere ei forstuing i fotrota i høgrebeinet. Det var det sporet Torgalsen var inne på allereie i pausen av Noreg–Sverige.

For andre kamp på rad måtte Rød blir opp sjekka for ein mogleg skade. Han speler med ganske stor risiko og kan kallast ein kamikaze-spelar. Rød kastar seg inn i motstandarforsvaret gong på gong.

Rød var måndag til røntgensjekk for å vere på den sikre sida. Desse bileta gav eit endå grundigare svar enn ultralydapparatet han allereie har vore borti.

MR-undersøkinga viste at det var brot i foten til Tyskland-proffen.

Kolstad-spelaren William Aar kan bli kalla inn i troppen som ein ekstra spelar.

Slapp medietreff

Rød vart fritatt frå mediemøtet måndag. 22-åringen brukte sjølv galgenhumor etter oppgjeret mot svenskane.

– Eg trur det skal gå bra. Vi får ta ein sjekk på hotellet som vanleg. Eg har jo fått nokre meldingar om at eg er kjeks og porselen og dramaqueen, sa Rød til NTB.

– Frå kven?

– Eg har ein god romkamerat (Sander Sagosen) som liker å melde litt.

Krysse fingrane

Sander Sagosen håpte i det lengste at lagkameraten vart klar til vidare EM-spel.

– Det er ikkje bra det som skjer med Magnus no, men vi får berre krysse fingrar og tær for at det går bra, og at han speler vidare i meisterskapen, sa Sagosen under pressetreffet på måndag.

Slik skulle det ikkje gå.

Noreg møter Island tysdag. Siger der betyr at Noreg er så godt som klar for semifinale. Hovudrunden blir avslutta mot Slovenia onsdag.

Semifinalane blir spelte i Stockholm fredag.

(©NPK)